<img height="1" width="1" src="https://www.facebook.com/tr?id=1012619252206265&ev=PageView &noscript=1"/>

Stortinget 1814

Det omframme stortinget som vart samla 7. oktober 1814, hadde som oppgåve å forhandla fram endringar i Grunnlova slik at ho kunne tilpassast ein union med Sverige. Samstundes gleid Christian Frederik ut or norsk historie.

Fem dagar etter konvensjonen var vedteken i Moss, slutta Christian Frederik å fungera som norsk konge. Han reiste frå Moss til ladegarden på Bygdøy. Han var utsliten og nedbroten. Likevel gav han sannsynlegvis eit tilskot til å utforma ein eigen «norsk politikk» for unionstingingane frametter: Unionen skulle aksepterast, men han skulle vera tufta på ei fri avtale mellom Stortinget og den svenske statsleiinga. 17. mai-grunnlova med naudsynte endringar måtte danna basis for unionen. Endringane skulle skje i ein tingingsprosess der Stortinget var ein suveren part. Unionen kunne difor ikkje vedtakast før grunnlovsendringane var på plass. 

Det omframme stortinget møttest i auditoriet i Katedralskulen i Christiania 7. oktober. Christian Frederik var for veik til å stå for
opninga av Stortinget. Trontala vart difor lesen opp av statsrådane. Deretter vart det valt ein delegasjon på 25 medlemer som reiste til
Bygdøy 10. oktober for å ta imot abdikasjonssøknaden hans. På dette punktet var Christian Frederik i praksis ute av norsk historie. Niels Aall skriv: «En mere tragisk Scene kan vel ikke tænkes. Alles Øjne svømmede i Taarer; og Talen døde på Læberne.» Sjølve tingingane om endringane i Grunnlova byrja 13. oktober. Atter ein gong var tida knapp: 21. oktober var det slutt på våpenkvilda som var tinga fram i Moss. 15 000 svenske soldatar stod klare til åtak.

Visste du at?

… på grunn av tidsnaud og store avstandar kom det heller ikkje denne venda nokon representantar frå Nord-Noreg?

Hvem var representert?

På det omframme stortinget hausten 1814 var det 79 representantar, mot 112 på Eidsvoll. Av desse var det 19 bønder, 10 næringsdrivande og 50 embetsmenn. Valreglane som var vedtekne på Eidsvoll utelét om lag helvta av dei frå å verta attvalde.