<img height="1" width="1" src="https://www.facebook.com/tr?id=1012619252206265&ev=PageView &noscript=1"/>

Stormaktsdiplomati

Vekene etter 17. mai 1814 var merkte av hektisk internasjonalt diplomati for å berga Grunnlova og for å sleppa unna union. Men diplomatiet var ingen stor suksess. Resultatet vart krig.

Nærast med det same Grunnlova var nedskriven og konge var vald, tok Carl Johan atter leiinga av politikken i Sverige og nøydde stormaktene til å gripa inn i Noreg. 18. mai fekk Christian Frederik melding frå København om at stormaktene Storbritannia, Russland, Preussen og Austerrike kom til å senda kommissærar til Danmark og Noreg for å tvinga gjennom den svensk-norske unionen.

Medan dette var i gang oppretta Storbritannia beinveges kontakt med Noreg, og sende sekretæren John Philip Morier til landet. Christian Frederik freista vinna samhug for frigjeringsprosjektet hjå Morier. Morier vitra om at britane kjende seg forplikta til unionen med Sverige, men Storbritannia ville stø norske krav om å få halda på konstitusjonelle rettar i unionen med Sverige.

Då kommissærane nærma seg Noreg, skjøna Christian Frederik at saka hans var tapt. Han la om kursen og jobba for å skaffa det norske folket så gode vilkår som mogeleg innanfor unionen med Sverige. Etter eit møte 13. juli la Christian Frederik fram Noregs krav for unionen, men desse vart ikkje innfridde av Carl Johan, som kom med eit framlegg til kompromiss. I tillegg understreka han at dei norske grensefestningane, i tråd med Kieltraktaten, skulle gjevast over til svenskane. Partane vart ikkje samde, og 26. juli gjekk den svenske hæren til åtak. 

Visste du at?

… Carl Johan fekk meldingar frå kommissærane om at det var eit sterkt svenskehat i Noreg, og at ingen ynskte union? Dette var etter all sannsyn ei stor overdriving. Sommaren 1814 byrja stemninga å snu i Noreg. Mange såg at unionen ikkje var til å koma frå. 

Kommissærane som kom til Noreg i juni tok straks til å spela ei meklarrolle mellom Noreg og svenske Carl Johan i Uddevalla. Dei rapporterte att og fram om krava frå Noreg og tilboda frå Sverige. Då Christian Frederik avviste kompromissframlegget frå Carl Johan, var meklinga avslutta.