Hopp til hovedinnhold

Vala til Riksforsamlinga

Vala til forsamlinga på Eidsvoll gjekk føre seg i to bolkar: Fyrst vart det valt valmenn i dei fleste kyrkjesokner og militære avdelingar. Deretter var det oppgåva til valmennene å velja representantar til Riksforsamlinga. Vala var effektive, men langt frå problemfrie.

  • Et maleri viser Eidsvoll Verk - altså fra tida da Eidsvollsbygningen var hovedbygning ved jernverket anlagt ved Andelva. Vi ser Eidsvollsbygningens nordre fasade i bakgrunnen, i forgrunnen ser vi en foss og et vann. Det er flere små bygninger på ulike steder i bildet.

Etter sjølvstendeeiden fekk dei frammøtte i kvar kyrkjesokn i oppgåve å velja to valmenn. Valmennene måtte høyra til sokna og vera «civile, geistlige eller militære Embedsmænd, Brugseiere, Jorddrotter eller Gaardbrugere over 25 Aars alder». Valmennene fekk i oppgåve å møta opp på ein sentral stad for å velja representantar frå amtet (fylket) til forsamlinga på Eidsvoll. Dei militære i hæren og flåten fekk i oppgåve å velja sine eigne representantar. Her skulle valet gå føre seg på same måte som i det sivile samfunnet, men valmennene frå kvar eining måtte vera ein offiser og ein underoffiser eller meinig.

Eidsavseiinga i kyrkjene og valet til Riksforsamlinga som fylgde, vart ei mektig oppslutning omkring politikken til Christian Frederik. Prinsen hadde eit mål om at embetsmenn og bønder skulle vera i sterkt fleirtal i Riksforsamlinga, og resultatet svarte til forventingane. Mellom dei 112 representantane som møtte på Eidsvoll var 57 embetsmenn (medrekna dei militære), 37 bønder og 18 næringsdrivande. 25 kom frå byane, 54 frå bygdene og 33 frå hær og flåte.

Den geografiske representasjonen var meir problematisk. Valet måtte gå fort føre seg vinteren 1814, og den hastige prosessen gjorde at Nord-Noreg ikkje fekk tid til å senda sine representantar til Eidsvoll.

Visste du at?

...det var nokre problem ved valet til Riksforsamlinga? Ingen frå Nord-Noreg fekk tid til å senda representantar til Eidsvoll. I tillegg vart somme valde inn som representant for fleire amt (fylke). Det vart òg valt representantar som ikkje oppfylte dei mest grunnleggjande krava til representativitet. Til dømes vart Thomas Konow vald, trass i at han berre var 17 år gammal. 

Hva var stemmerettsreglene?

For å verta vald til valmann eller røysta på representantar til Riksforsamlinga måtte ein vera bonde, brukseigar, embetsmann eller borgar over 25 år og hannkjønn. Tida var knapp og det vart ikkje mogeleg å utarbeida meir detaljerte valreglar enn som så.  

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1