Hopp til hovedinnhold

Opplysningstid og revolusjonar

Den internasjonale situasjonen på 1700-talet var avgjerande for mykje av det som hende på Eidsvoll i 1814. I tida før 1814 var Europa prega av store krigar, revolusjonar og nye idear om politisk fridom og universelle menneskerettar.

  • Et maleri fra en henrettelse der en bøddel holder et avkappet hode frem for publikum. Ved siden av ser vi en giljotin, i forgrunnen ser vi soldater på geledd, og egn på hest.

På 1600- og 1700-talet oppstår ei ny vitskapleg utvikling og ei ny filosofering kring statssystem og menneskerettar. Opplysingsfilosofane ville at fornufta, røynslene og framsteget skulle avløysa overtru og undergjevnad under gamle autoritetar som kyrkja, kongen og adelen.

Nye idear

Den engelske filosofen John Locke la grunnlaget for tanken om menneskerettane. Ein annan opplysingsfilosof, Jean Jacques Rousseau, formulerte ideen om at den øvste makta i staten skulle liggja hjå folket, òg kalla folkesuverenitetsprinsippet. Franskmannen Charles de Montesquieu meinte at det var eit vonde om makta vart for konsentrert. Han formulerte difor maktfordelingsprinsippet: Ei folkevald nasjonalforsamling skal ha lovgjevande makt, kongen eller regjeringa skal ha iverksetjande makt og domstolane skal ha den dømande makta.

Ei rad politiske omveltingar i Vesten mot slutten av 1700-talet var inspirerte av desse nye tankane, og ideala frå opplysingstida var med på å forma samfunnet i tida som fylgde. Dette ser me i Nord-Amerika, Frankrike og i Noreg.

Revolusjonar

Revolusjonen i Nord-Amerika i 1776 oppstod som fylgje av ein strid mellom Storbritannia og dei amerikanske koloniane. Resultatet var eit nytt politisk system som speglar ei rekkje idear frå opplysingstida. Mellom anna vart maktfordelingsprinsippet til Montesquieu realisert for fyrste gong. Resultata av revolusjonen i Nord-Amerika var òg med på å inspirera franske borgarar til opprør mot eineveldet. Menneskerettsfråsegna som vart vedteken i Frankrike i august 1789 var den endelege «dødsattesten» for det franske eineveldet. Mellom 1789 og 1791 vart det utarbeidd ei ny forfatning, der kongemakta vart avgrensa. I 1793 vart kongedømet avskipa og Ludvig 16. vart skulda for høgforræderi og avretta (biletet).

Visste du at?

… trass i at mennene i opplysningstida hadde grenseprengjande demokratiske idear, meinte dei at kvinner og menn på ingen måtte burde jamstillast. Men på same tid oppstår ne tankar om kvinners rettar hjå kvinnene sjølve. Desse tankane vert fyrste steget i leia mot kampen for kvinners rettar

En norsk revolusjon?

Det som hende i Noreg i 1814 vert i nokre samanhengar kalla ein revolusjon, for på denne måten å syna linene frå revolusjonane i USA og Frankrike. Det som hende i Noreg var absolutt revolusjonerande, men i Noreg gjekk det langt fredelegare føre seg enn det ein vanlegvis tenkjer på som revolusjonar.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1