Hopp til hovedinnhold

Grunnlova – originaldokumentet

Grunnlova frå 17. mai 1814 er trygt plassert i stortingsarkivet, skjult for ålmenta. Men ei digital utgåve er fritt tilgjengeleg for alle interesserte.

  • En faksimile av en side fra Grunnloven – originaldokuemntet. Denne siden er av de siste og innholder dateringen av grunnloven 17.mai 1814, samt 13 signaturer og tilhørende lakksegl.

 Det originale grunnlovsdokumentet frå 17. mai 1814 er eit skøyrt papirstykke, merkt av tidas tann. Difor er det ikkje tilgjengeleg for ålmenta. Det ligg trygt plassert i stortingsarkivet, der den rette temperaturen og fukta bremsar den naturlege nedbrytinga. Grunnlova er til gjengjeld digitalisert, så dei som vil, kan studera dokumentet.

Grunnlova som vart skriven på Eidsvoll vart truleg ført i pennen av trønderen Johan Matthæus Buschmann. Hastverket i vårvekene 1814 kjem godt til syne i teksten. Til ein konstitusjon å vera er han skriven med enkel gotisk handskrift, utan utsmykkingar av noko slag, og ein finn somme skrivefeil.

Lovteksten er skriven på eit enkelt kladdebokliknande papirhefte, rett nok av høg kvalitet. Dokumentet er sett i hop av 12 ark som er hefta saman til 24 blad med ein lintråd. Til saman utgjer dokumentet 48 sider. Teksten har 110 paragrafar og er inndelt i fem kapittel. Etter lovteksten fylgjer godkjenninga frå Riksforsamlinga frå 17. mai 1814, deretter underskrifter med raudt lakksegl frå dei 112 representantane. Til slutt står fråsegna frå kongen frå 19. mai 1814.  

Her finner du informasjon om Norges grunnlov, både om den nåværende, tidligere versjoner og historikken.

Et fotografi av Eidsvollsbygningen med en rekke av norske flagg på flaggstenger på begge sider av grusgangen opp mot huset. Bildet er fra 17.mai

Grunnloven fra Eidsvoll

Her kan du lese Grunnloven slik den ble vedtatt og datert 17. mai 1814.

Visste du at ...

... dokumentet har fått fleire flekker gjennom åra? Nokre er frå 1814, andre frå seinare tider. Dette er det i ettertid ikkje gjort noko med, og difor eksisterer det framleis fingermerke etter representantane i Riksforsamlinga.

Hva er gotisk håndskrift?

Gotisk handskrift er i Danmark og Noreg namnet på ei tysk lykkjeskrift som oppstod på 1500-talet som ei forenkling og vidareutvikling av den opphavlege kantete, gotiske handskrifta. Gotisk handskrift var vanleg i Noreg frå omkring 1600 til 1850.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1