Hopp til hovedinnhold

Samansetnaden av Riksforsamlinga

Det har ofte vore sagt at Riksforsamlinga på Eidsvoll var eit spegelbilete av Noreg i den tidsalderen. Men det var langt frå noka representativ forsamling, korkje geografisk eller sosialt.

  • Et maleri av Eidsvollsbygningen. Foran bygningen står en stor mengde soldater på geledd.

10. april 1814 kom dei 112 valde utsendingane saman til Riksforsamlinga på Eidsvoll Verk. Av utsendingane var 57 embetsmenn, 18 forretningsmenn og 37 bønder. 25 kom frå byane, 54 frå bygdene og 33 frå hær og flåte. Det var ei ung forsamling. Nesten alle var under 50 år, og rundt halvparten var under 40. Den yngste berre 17 år. Få representantar hadde politisk røynsle og særs få hadde røynsle frå administrative stillingar.

Embetsstanden var ei viktig og vektig gruppe på Riksforsamlinga. Det var embetsmennene som sat med den politiske og administrative røynsla, og det var embetsmennene som hadde det største innsynet i politikk, jus og filosofiske straumdrag. Heile 57 av dei 112 representantane var embetsmenn, og av desse igjen fekk 13 plass i den 15 mann store konstitusjonskomiteen. Embetsmennene var nære knytte til Kongen og Danmark, og dei fleste heldt med sjølvstendepartiet.

17 av representantane på Eidsvoll høyrde til den næringsdrivande borgarskapen. Dei næringsdrivande skilde seg tydeleg frå den akademiske kulturkrinsen til embetsstanden. Medan embetsstanden hadde si nære tilknyting til Danmark, var borgarskapen vend mot England. Mellom dei mest framståande representantane for borgarskapen finn me Herman Wedel Jarlsberg, Severin Løvenskiold, Peder Anker og Jakob Aall.

Bøndene hadde naturlegvis aldri hatt noko særleg med politikk eller offentleg administrasjon å gjera. Bøndene utgjorde rundt 80 prosent av folkesetnaden i Noreg, men 33 prosent av forsamlinga på Eidsvoll. Nokre av bøndene leverte sjølvstendige grunnlovsutkast på Eidsvoll, men desse hadde avgrensa innverknad på det endelege resultatet.

Visste du at?

Det var stor skilnad på bøndene som var representerte på Eidsvoll? Matrosen Even Thorsen var den einaste i Riksforsamlinga som ikkje kunne skriva. Difor måtte han underteikna Grunnlova med påhalden penn. Ein annan bonde, Tallev Olsen Huvestad, var derimot så lærd og kunnskapsrik at han kunne måla seg mot embetsmenn. Han var ein av dei få bøndene som aktivt tok del i å utforma Grunnlova.  

Hvem var de militære?

Frå den militære hæren og flåten var det 33 representantar på Eidsvoll. Det er vanskeleg å omtala dei militære som samla gruppe, dei hadde ofte særs ymsande bakgrunn, dei var embetsmenn, kjøpmenn og bønder. Årsaka til at så mange militære var på Eidsvoll, var at 1814 var ei turbulent tid, der militæret spela ei viktig rolle for Noreg. Opprøret på Eidsvoll kunne òg leia til ein ny krig. Ein stor militær representasjon var difor klokt.  

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1