<img height="1" width="1" src="https://www.facebook.com/tr?id=1012619252206265&ev=PageView &noscript=1"/>

Menneskerettane i Grunnlova

Ei rad menneskerettar er trygde i Grunnlova. Men dei kjem ikkje like tydeleg fram som i mange andre konstitusjonar.

Idear om at menneska har grunnleggjande fridomar og rettar var med på å forma Grunnlova i 1814. Men dette kjem ikkje like tydeleg fram som i andre konstitusjonar. Medan den franske og den amerikanske konstitusjonen har ei eiga menneskerettsfråsegn, er menneskerettane i den norske grunnlova meir spreidde. 

Ordet «menneskerettar» kom fyrst inn i Grunnlova i 1994, i § 110c, som seier at det «paaligger Statens Myndigheder at respektere og sikre Menneskerettighederne», men i dei einskilde føresegnene som gjeld det ein kallar menneskerettar, er ikkje ordet brukt. Mellom dei sentrale menneskerettsparagrafane er § 96 om retten til lov og dom, og forbod mot tortur i avhøyr, § 97 om tilbakeverkande lover, § 100 om ytringsfridomen og § 50 om røysteretten.

Ei rekkje sentrale menneskerettar er ikkje sikra i Grunnlova. Mellom desse er ein røynleg religionsfridom, foreinings- og forsamlingsfridom og forbod mot diskriminering. § 110 c, andre leden, slår fast at Noreg er forplikta til å fylgja opp gjeldande menneskerettskonvensjonar. I praksis tyder dette at Noreg må ta omsyn til Den europeiske menneskerettskonvensjonen, SNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og SNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

Skyldnaden til å fylgja eksisterande menneskerettskonvensjonar tyder ikkje at desse menneskerettane er direkte grunnlovsfesta. Difor vert det for tida planlagt den største revisjonen av Grunnlova nokon gong, som inneber å grunnlovsfesta menneskerettane tydelegare enn i dag.  

Visste du at ...

... Den internasjonale menneskerettsdomstolen i Strasbourg har dømt Noreg for brot menneskerettane ei rekkje gonger? Det er særleg tre ting Noreg gjentekne gonger er dømt for: Manglande ytringsfridom, at domstolane ikkje fungerer fullnøyande og at det manglar respekt for familie og privatliv.

Hva er menneskerettigheter?

Menneskerettar er grunnleggjande rettar som tilkjem alle menneske, same kva rase, kjønn, religion eller annan status dei måtte ha, og regulerer fyrst og fremst tilhøvet mellom staten og individet. Menneskerettane byggjer normalt sett på filosofien som vert kalla naturrett.