Hopp til hovedinnhold

Danmark-Noreg mot kløyving

Ved inngangen til 1814 stod den dansk-norske heilstaten framfor eit samanbrot. Etter at Napoleon hadde lide store tap mot Russland i 1812 og endå fleire nederlag i oktober 1813, vart den allierte hæren retta mot Danmark-Noreg, den siste allierte Napoleon hadde.

  • Maleri som viser engelskmennenes bombing av København i 1807. Det er natt, folk flykter i gatene, en bombe slår ned i et tårn som ser ut som et kirketårn og forårsaker store flammer. På himmelen ser vi linjer etter flere bomber.

Danmark-Noreg ynskte i grunnen å halda seg utanfor Napoleonskrigane, og lenge gjekk det bra. Men sommaren 1807 stilte både Storbritannia og Frankrike den danske kongen andsynes valet mellom allianse og krig. Båe alternativa kunne føra til stogg i handelssamband og kornutførsle til Noreg. Samstundes kravde Storbritannia å få utlevert den dansk-norske krigsflåten, og sende ein stor flåtestyrke mot København.

Noreg vert råka
Britane bombarderte hovudstaden i tre dagar før dei fekk innfridd kravet i september 1807 (biletet). Som resultat av åtaket slutta Danmark-Noreg seg til Napoleon og fastlandssperringa, samstundes vart det lyst krig mot Storbritannia. I 1808 fylgde krig mot Sverige. For å hemja den norske innsatsen mot svenskane, sette britane opp blokade av skipsfarten til og frå Noreg. Korntilførsla frå Danmark svikta, resultatet var svolt og naud i Noreg.

Auka misnøye i Noreg
No vart den norske kjøpmanns- og embetsmannseliten jamt meir kritiske til utanrikspolitikken som vart ført i København, dei kravde endringar. Kong Frederik 6. kom i nokon mon dei norske krava i møte ved å inngå fred med Sverige og ved at fastlandssperringa vart mellombels oppheva.

Då Sverige tapte Finland til Russland i 1809, vart den gamle svenske planen om å hærta Noreg vekt til live. Planane gjorde Frederik 6. ottefull. Etter mislukka løynde tingingar for å avverja ei svensk hærtaking av Noreg, gjekk Frederik 6. hausten 1813 til krig mot Sverige og deira allierte, Russland og Preussen. Sommaren 1812 tok Storbritannia opp att blokaden av Noreg, pengestellet braut saman, og våren og sommaren 1813 braut det ut ny hungersnaud og opptøyar i ei rad norske byar.

Visste du at?

… det britiske åtaket på København i 1807 (biletet) fleire gonger er omtale som den fyrste terrorbombinga i historia? Dette er ei overdrivning, men bombinga vekte harme i mange land i samtida. Den russiske tsar Aleksander kalla det ei valdshandling uten sidestykke i historia.

Hva var helstaten?

En heilstat er sett saman av ulike landområde, med ulike folkegrupper, som er haldne saman av eit sams statsstyre. Den dansk-norske heilstaten på største femnde om dei norske og danske rika og dei nord-tyske hertugdøma (og dessutan Island, Grønland, Færøyane og oversjøiske koloniar). Under eineveldet (frå 1660) var politisk makt i heilstaten samla hjå kongen i København.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1