Hopp til hovedinnhold

Jette Christensens foredrag

Jette Christensen var ein av fleire gjester under arrangementet i Rikssalen 15. mai 2019, som markerte fem årsjubileet for implementeringa av den breie katalog av menneskerettar i Grunnlova. Nedanfor kan du lese heile Christensens foredrag.

Jette Christensen

Er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet som representant frå Hordaland. Ho er medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen. Christensen var saksordførar for forslaga om å innlemme menneskerettane i Grunnlova i 2014.

La meg først rydde ein misforståing av vegen. Å ta inn menneskeretts-katalogen i Grunnlova, som vi gjorde for fem år sidan, var ikkje for å feire ein bursdag. Det skjedde ikkje fordi Grunnlova var 200 år. Det skjedde ikkje fordi det var 17 mai i 2014. Det vart ikkje gjort fordi me følte et press. Grunnlova fekk ein menneskerettskatalog fordi det var det riktige å gjera. Difor skjedde det.

Det hadde vore veldig mange andre måtar å feire eit Grunnlovsjubileum på. Man kunne skålt i champagne og snakka om kor fint det var før, men me valte å vidareføre tradisjonen og gjera Grunnlova til eit aktivt dokument og noko som var i folks eigarskap. Og det var ein del av den reisa som me, det norske folk gjorde saman, og det skal me vera stolte av. Eg sjølv og min familie, har vore ein del av den reisa. Det at eg var saksordførar for menneskeretts-katalogen i Grunnlova som stortingsrepresentant og er her, det er ein del av historia til Norge. Min familie hadde ikkje hatt stemmerett fordi dei på den tida ikkje hadde råd til å forsørgje seg sjølv. Og no, var eg med på å skrive inn menneskeretts-katalogen i Grunnlova – som ung kvinne, med utdanning som i sin heilheit er betalt av staten. Det er ei reise Norge har gjort, og det skal me vere stolt av. Me skal vere stolt av at paragraf to alltid blir nemnt som noko me skal vere flau over. Men tenk på kvar paragraf to er no! Eg tenkte at eg skulle lese den. Paragraf to i dag er det motsette av det den var før på veldig mange måtar. «Verdigrunnlaget forblir vår kristne og humanistiske arv. Denne Grunnlov skal sikre demokratiet, rettsstaten og menneskerettighetene» Det er vår felles paragraf to i Norge i dag. Det skal vi vere stolt over.

Det seies at det første ordet som vart skrive til det første utkastet til Grunnlova, var «Frihet». Og då me skull gjennomgå den største revisjonen av Grunnlova sidan den gang, var oppfølgingsspørsmålet vårt: «til kven då? Fridom til kven?». Rettsstaten skal jo og sikra alle sin retts til ytringsfridom. Til rettferdig rettargang, deltaking i frie, hemmelige val og fråvær av slaveri og undertrykking. Den skal sikre fridom og demokrati. Men me var opptatt av at demokrati lever berre av deltaking frå alle. Det er avgjerande for ein demokratisk stat at folkestyret gjeld alle, og gir alle høve til deltaking i debatt og val. Og ein stat som ikkje vernar mot tilfeldig fengsling, straff eller tortur, det er jo ingen rettsstat. Og eit demokrati som ikkje sikrar deltaking frå absolutt alle, som viser at det er viktig, det er ikkje eit demokrati som fungerer. Derfor er menneskerettane si oppgåve i Grunnlova, å sikra alle, uavhengig av bakgrunn, lik rett til den fridomen som ikkje kan nytast før ein er fri for undertrykking og nød, eller ressursar til å delta på lik linje med alle andre. Fordi om ikkje alle kan delta i demokratiet, då finst det ikkje. Og for å sikre det for framtida, så treng me ein rettsstat med eit sosialt ansvar. Og gjennom menneskeretts-utvalet sitt arbeid, som var leia av Inge Lønning og initiert av han som snakka før meg (Torbjørn Jagland), så vart me gitt muligheit til å ta det ansvaret i Stortinget. Me tok, som Torbjørn Jagland var inne på, ikkje heile ansvaret, det står att litt fremdeles, men me vart gitt muligheit til å ta det ansvaret. Eg skal ikkje gjennomgå alle innvendingar og heile debatten rundt dette då, men likevel er det viktig for meg å sei noko om advarsla me vart møtt med for å gi ein illustrasjon av korleis intensjonen eigentleg var, og korleis resultatet vart. Den raraste innvendinga mot å innlemme menneskerettane i Grunnlova var at det ville vere ein trussel mot demokratiet – ekte setning som varta framført. Det syns eg gjekk for langt. Me vart møtt med at det var ein trussel – ja, det er jo ein trussel mot politikararar som ønskjer å bryte menneskerettane, men det er akkurat difor me har dei, det er akkurat difor me skal gjera det. Ein annan innvending var at me ville forplikte oss meir enn me hadde råd til. At me nærast ville sei opp politikken og forplikte oss til ein evig utgiftspost som ville føre til høge skattar. Ein tredje innvending var at det ikkje ville endre noko uansett, og då var det ikkje vits i å heve pennen over bordet. Ein fjerde var at det nærast ville vere å avvikle politikarstanden og overlate alt til domstolane. Dei siste års utvikling av kva representantar på Stortinget befattar seg med, ville kanskje blitt snudd til eit for-argument i dag, men likevel er det felles for alle desse påstandane at det ikkje vart heilt slik. Ingen av forslaga var meint til å endre retts-tilstanden, men dei var meint til å verna nokon for i morgon. Og framtidas politikarar står framleis akkurat like fritt til å gjera akkurat like dumme val og prioriteringar som me gjer, eller akkurat like gode.

Grunnlovsendringane set ikkje grenser for politikk, dei set grenser for politikarane –på same måte som Europarådet, politikarar som ikkje vil bruke makt mens om vil misbruke den. Dei som var negative til økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheitar, dei frykta at dette ville binde opp store ressursar for framtida. Men menneskerettsutvalet drøfta sjølv dette. Og dei sa at det er fullt mogleg, for eit kva slags som helst tenkjeleg demokratisk fleirtal, å styre etter forslaga under ein kva økonomisk situasjon fordi dei er meint som ei rettesnor for styring.


Menneskerettane som vart foreslått inn i Grunnlova er nødvendig for at dei skal virke i beste hensikt for alle. Fordi dei heng saman desse rettane. Og dei paragrafane i Grunnlova heng saman – me treng alle – pluss nokon til som eg er for, for ytringsfridom og andre rettigheiter skal gjelda. Fordi korleis kan du nyte ytringsfridomen om du ikkje har nødvendig helsehjelp, mat eller tak over hovudet? Korleis kan du nyte ytringsfridomen om du ikkje kan forstå det som er skrive eller kan skrive sjølv. Korleis kan du delta på lik linje i val om du ikkje kan lese eller skrive? Eller finne ut kva som står i eit partiprogram? Og dersom ei bygd om hundre år, berre har privatskular og dei går konkurs, kven er det som har ansvar for at folk får utdanning i dette landet? Slike ting er det som gjer at alle rettane heng saman. 

Og så er det som eg sa nokon ting som mangle, for dersom framtidas politikarar ikkje skal jobbe for å prøve å sikre alle ein anstendig levestandard, tak over hovudet og nødvendig helsehjelp, kva skal dei eigentleg jobbe med då? Kven har ansvaret for at alle får den helsehjelpa dei treng? Kven har ansvaret for å sette mat på bordet framom dei som er for sjuke til å skaffe den sjølv? Kven er det som har ansvaret for å passe på at du har tak over hovudet om du ikkje har jobb? Svara for framtida skal jo eigentleg vere dei same som i dag, dei som har ansvaret for det i dag: oss – fellesskapet – kven elles?


Effekten av Grunnlovsendringane vil ikkje vere, som den einaste mindretals merknaden i utvalsinnstillinga: «En meget kostbar velferdsstat som kan fremtvinge høye skatter og avgifter». Revisjonen vil føre til at me føl menneskeretts-forpliktingane våre. Det er det verste som kan skje. Og at me tek vare på alle deler av befolkninga og sikrar dei rett til deltaking. Felles for oss alle, no er det snart 17. mai, då pleie me jo alltid å sei at det er barnas dag, då eg var liten trudde eg at det betydde at det var den eine dagen då det var lov å ete masse is og slikt, men så blir ein på ein måte kulturalisert inn i eit veldig «vi ere en Nation vi med», barn har rettar og det er det me feirar i dag, men det var jo ikkje før for fem år sidan at det faktisk var riktig. Det var ikkje før for fem år sidan dei fekk sine eigne rettigheiter skrive inn i Grunnlova. Fordi at alle særgrupper skal jo ikkje ha sin eigen skildring av sine eigne rettar, men born er underlagt vaksne sitt engasjement for at dei skal klare å nyte sine rettar. Det er andre som har ansvar for deira fridom. Det blir nokon andre som er mykje nærare dei, og har mykje større muligheit til å gi fridom eller ta frå fridom. Og difor er det viktig at me formulerer ein plass at det er nokon som har ansvar for at dei skal få nyte fridom, at dei skal få vere i fred, at dei skal ha medavgjerdsrett og at dei skal bli høyrt. Og difor var det viktig å skrive det inn i vår grunnlov. 

Så er det jo slik at akkurat denne paragrafen vart jo også ein typisk paragraf som bringer meg over på kva slags effektar menneskerettane har i dag i politikkutviklinga, fordi at akkurat dei type politiske debattar om barns rettar, dei set samvitet på prøve mange gongar. Difor er det viktigare enn nokon gong å ha rettane nedfelt. Så kan ein sei at grunnlovsfesting av barn sine rettar, kan gjera det vanskeleg å oversjå barn. I so fall er det ein kjempe bra ting. Ein stat som ikkje tek særleg ansvar for sine barn, den tek ikkje ansvar for sin framtid. Og om ein ikkje gjer det, så vil det forkorte ein stat sin levetid betrakteleg. 

Ein annan paragraf som vert veldig ofte brukt i det aktive, politiske arbeidet er paragraf 93. Eg skal berre for å minne oss på kva den er: «Kvart menneske har rett til liv. Ingen kan dømmast til døden. Ingen må utsetjast for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Ingen skal haldast i slaveri eller tvangsarbeid. Dei statlege styresmaktene skal verne retten til liv og stri mot tortur, slaveri, tvangsarbeid og andre former for umenneskeleg eller nedverdigande behandling.» Den paragrafen blir aktivt brukt til politikkutvikling, absolutt heile tida, og så les ein den veldig ulikt, og det er det som gjer at det er spennande med lovarbeid og grunnlovsarbeid. Den vert brukt aktivt av dei som vil ha kamp om abortspørsmålet, den vert brukt aktivt av dei som jobbar for arbeidstakarrettar, eg sjølv har tatt den til inntekt for at me meiner at me bør ha ein rapporteringsplikt for underleverandørar om arbeidsforhold og tvangsarbeid. Fordi me har grunnlovsfesta, ikkje berre at me er mot tvangsarbeid, men me har forplikta oss til at me skal kjempe mot det. Så kan ein sei at det er markeringspolitikk og at enkeltsaker kjem og går, men det er i alle fall likevel eit bilete på at Grunnlova ikkje er eit sovande dokument. Det er noko me viser til og brukar heile tida. Og dei forslaga som er tatt inn i Grunnlova, dei definerer staten sin plikt til å verne og ivareta borgarar, ikkje som ein utvitydig rettigheit for den enkelte borgar som me skal springe til domstolane med heile tida, men Grunnlova sine føringar om retten til arbeid til dømes, dei har ikkje ført til eit lass med søksmål mot staten blant folk som manglar arbeid, men den forpliktar staten til å jobbe for at alle skal ha arbeid. Dessutan så er jo dette rettar som me meiner må vera eit ansvar for staten. 

Tryggleik for den enkelte er avhengig av at dei rettane vert definert inn i Grunnlova. Og så i dette arbeidet så meinte ikkje Stortinget at det var nødvendig å sette eit skilje mellom sivile og politiske rettar på den eine sida, og dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane på den andre sida fordi dei utgjer ein heilskap. Dette er, for juristane, ein litt gamal diskusjon, men på godt og vondt så er ikkje politikarar juristar, og det å flakse rundt i den juridiske verda det er ei øving som krev ein ekstra runde, og det har me veldig godt av. Men Stortinget diskuterte det, så det inngår i forarbeidet – det er ikkje noko skilje. For det er i dag og for framtida ikkje mogleg å tenkje seg kan nytte seg av ytringsfridomen utan utdanning, eller god helse, eller deltaking i samfunnet sine demokratiske institusjonar utan arbeid og inntekt. 
Også er det også slik, at det er ein misforståing at Grunnlova er noko historisk. Den er gamal, men det er ikkje noko som berre er bak eit monter ¬– Grunnlova er brukskunst. Endringane er nødvendige, og var nødvendige, for å justere Grunnlova til å bli det den var meint til å vere, og utvikle seg til å bli gjennom dei no 205 åra: Eit juridisk, politisk og symbolsk samlande dokument, som vernar borgarane mot overgrep og sikrar dei fridom og tryggleik no og i framtida, og som inneheld hovudtrekka i vår stat.


Grunnlova har gjennomgått mange endringar, den har ikkje stått stille. Og nokon av endringane viser veldig mykje av kva tid me lever i: menneskerettane på 90-talet, 112 menneskerett om miljø, og det å justere Grunnlova har vore å ivareta ein tradisjon. Fornying, bevaring og styrking av rettar, det er nødvendig. Og det fremste kjenneteikn på vår tid, er at velferdsstaten er velferdsstaten. Og den bør jo også reflekterast gjennom Grunnlova. Vedtaket om at Grunnlova sitt språk skal vere dagens språk, det står seg også i eit slikt perspektiv, fordi om Grunnlova er det norske folk sin grunnlov, så er det jo ein fordel at norske folk er med og les i den. Og det handlar ikkje om den enkeltes vett, det handlar om at den var krokete skrive og ikkje skrive på alle målformar. Stortinget sitt overbyggane perspektiv var at Grunnlova skulle vere folket sin lov, og då ga me den tilbake til folk på deira eiga målføre. Samfunnet endrar seg fortare enn nokon gong, i vår historie og føregåande talar så har eg vore innom internasjonalisering og maktforhold, mellom demokratiske strukturar og at marknad verkar på vår kultur og vår rettsorden. Og difor er det viktigare enn nokon gong at statar forpliktar seg til å beskyttar sine borgarar. For det er ikkje berre framtidige makthavarar som kan vere ute etter å frata folk rettar, det er også private konstellasjonar som kan tenkje seg å undergrave menneskerettane i framtida. Og like viktig er det å definere staten sitt ansvar for å sikre dei rettane. Norge var i ein rar posisjon for me var eit av dei landa i Europa med svakast menneskerettsvern i vår konstitusjon, men samtidig eit føregangsland på å ivareta menneskerettane. Det hang ikkje heilt saman. Og norsk lovgiving er også sterkt prega av tilslutning til internasjonale konvensjonar, men det hang ikkje heilt saman at me ikkje hadde det i vår konstitusjon. Og når me var forplikta til dei internasjonale konvensjonane og ikkje hadde skrive dei inn i vår Grunnlov og Stortinget ikkje hadde sagt sitt om korleis dette skulle tolkast, så er det at folkevalte politikarar diskuterer i sine fora og lagar forarbeid som kan vere tolkingsgrunnlag til domstolane, det er demokratiserande. Det er det som er å ta folkevalt kontroll over korleis desse internasjonale konvensjonane skal forståast i Noreg. Fordi stakkars domstolane kan ikkje drive og bale med dette på eiga hand. Dette er jo eit samarbeid og eit ansvar som me som politikarar må ta. Og eit overveldande fleirtal av konstitusjonane i Europa, inneheld i større eller mindre grad ulike menneskerettar. Det har ikkje ført til ein vidare rettsleggjering på dei områda i det heile, men det er viktig at Noreg føl utviklinga i rettsstanden i Europa på dette området. Fordi då me vart gitt valet om å ta inn fleire menneskerettar i Grunnlova, så var det også eit val å ikkje gjera det. Fordi om du går inn på Stortinget og ser på når menneskerettane vert nemnt, så blir dei ofte nemnt når me blandar oss inn i korleis andre politikarar i andre land behandlar sin befolkning. Og korleis skulle det sett ut om me hadde hatt valet om å ta inn fleire menneskerettar i Grunnlova og blankt sagt nei fordi dette er eit gamalt dokument som er best når det er gamalt. Det hadde ikkje tatt seg ut, og det hadde øydelagt vår muligheit til å vere eit føregangsland på å kunne stå opp for menneskerettane. Fordi me er eit land som tenkjer på folk først – ikkje politikarar. 


So må eg berre sei litt om demokratiets adelsmerke: prøvingsretten. Den står i ein særstilling i Noreg. Den har vore med oss lenge. Me har gått framom, både med å ha institusjonen Høgsterett som har hatt høve til å overprøve den. Den er ein veldig viktig garanti for at menneskerettane vert inkludert. Det er ikkje internasjonalisering av norsk rett, det er nasjonalisering av menneskerettar, og grunnlovsfesta at me skal overprøvast. Fordi politikarar som er imot at me skal overprøvast, dei skal me alltid vere bekymra for. Det er gjerne slike politikarar som seier at du må velje mellom tryggheit og fridom. 
Så det at me har grunnlovsfesta noko av det som er det finaste med vår statstradisjon, det meiner eg også er noko me skal vere stolt av. Fordi alle har jo opplevd, eg studerte samfunnsfag, og det me diskuterte var kor vidt høgsterett har blitt aktivistisk, om det svekker folkestyret. Tvert imot. Når eit stortingsfleirtal vedtek ei lov som strir mot grunnlova så bryt det med folkevilja. Og det må få konsekvensar. Dersom ikkje ville Grunnlova vore fullstendig verdilaus. Den er jo som bunaden slik som den eigentleg var meint: Til kvardagsbruk, ikkje møllspist som ein tek fram til fest. 
Og debatten om prøvingsretten har også jamleg prøvd oss fordi, eg syns det er interessant at politikarar som er kritiske til prøvingsretten veldig ofte seier dei forsvarar folkevilja som om det er deira eiga, og då er ein ute på ein «fin» veg. For historia har vist at fleirtalet ikkje berre og alltid har rett. Og Europa viser oss nettopp kor viktig det er å ta ansvar for dette. I land etter land brukar politikarar posisjonen sin, som folket har gitt dei gjennom demokratiet, til å byggje det ned og ta frå folk deira rettar. Å bruka Grunnlova som verkemiddel til å strypa opposisjonen, er den verste måten ein kan svike demokratiet og eigne innbyggjarar på. Grunnlova skal vere ein kontrakt mellom folk over makt. Det er det som gjer at den er så veldig fin. Den er på ein måte ein generasjonskontrakt, som gir ein tryggheit i at uansett kva som skjer, så er det noko politikarane ikkje kan prioritere seg vekk ifrå. 
I 1814, i Grunnlova, så ga den rettar til ein lita gruppe rike menn. Difor så er det så rart korleis ein seier at den er berar av våre tradisjonar, men den var jo radikal i sin tid, men det var det som var verkelegheita om den grunnlova. Rettane var forbeholdt autonome, uavhengige individ, med evne til å fatte eigen avgjerder. Samtidig var folkesuvereniteten med ideale om politisk, sosial og økonomisk likskap, med på å gjera den radikal. «Grunnlova er ikkje berre ein regulering innover, men den er også eit ansikt utover som fortel om verda om kven me er». Det skreiv Henriette Sinding Aasen i Grunnloven og velferdsstaten. Og Eirik Hannevik har skildra 1814-grunnlova som «En politisk visjon, som ryddet grunnen for den senere utvikling av folkestyre, og politisk, sosial og øknomisk likehet i Norge». Slik vert Grunnlova også brukt i dag. Den er ein plan, og ein retning, og ikkje noko problemløysingshandbok for notida. 
Takk.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1