Hopp til hovedinnhold

Kielfreden

Fredsavtala i Kiel 14. januar 1814 forplikta Danmark til å avstå Noreg til Sverige. Nordmennene opplevde Kieltraktaten som ei krenking, og det var han som gav støyten til det norske sjølvstendeopprøret i 1814.

  • Et gammelt kart viser skandinavia, finland og baltikum med andre grenser enn vi har i dag.

Den svenske kronprins Carl Johan stod med troppane sine nord i Tyskland, klar til åtak mot Danmark. Etter fire dagar med intensive tingingar mellom Danmark, Sverige og Storbritannia, gjekk danske kong Frederik 6. med på å avstå Noreg som straff for støtta til Napoleon. På denne tida hadde han neppe noko val, om han ville sleppa ein svensk invasjon. Dei gamle norske områda Island, Grønland og Færøyane fylgde likevel ikkje med. Dei skulle verta verande danske.

I det opphavlege svenske traktatutkastet frå Kiel heitte det at Noreg skulle høyra til kongeriket Sverige og innlemast i dette. Men i den endelege traktaten forplikta den svenske kongen seg til å lata nordmennene nyta dei lovene, rettane og fridomane som galdt på det tidspunktet då freden vart slutta.

Kvifor vart dette endra til føremon for Noreg? Kan henda var det eit personleg inngrep frå Carl Johan. I Kiel tok han jamleg imot rapportar
frå agentane sine i Noreg om at nordmennene ville reagera med væpna motstand om landet vart freista innlema i Sverige. Dessutan hadde Storbritannia kravd at det skulle takast omsyn til det norske folks «fridom og lukke».

I tillegg tok kongen av Sverige på seg ein del av den dansk-norske statsgjelda. Som kompensasjon for Noreg fekk Frederik 6. det tyske Vorpommern frå Sverige (men det skulle verta Preussen som faktisk tok over dette området). To løynde artiklar gav den danske kongen ein million riksdalar til å utrusta eit korps mot Napoleon og garanterte hans personlege eigedomsrett til grevskapet Larvik.

Dei fleste nordmenn oppfatta Kielfreden som krenkjande. I 400 år hadde dei vore lojale undersåttar for den danske kongen, og så vart dei – utan å sjølve vera rådspurde – avståtte til ein annan konge.

  • Et dokument med dekorative, snirklete 1800-talls kapitaler er signert og forseglet med lakksegl.
    1/1
    Kieltraktaten, undertegnet i Kiel den 14. januar 1814. Kiel er i dag en by i Tyskland men en dansk by i 1814. Emre Olgun, Riksarkivet i Sverige/Norgeshistorie

Visste du at?

… ulike syn på gildskapen til Kieltraktaten heldt fram å skapa konfliktar mellom Danmark og Noreg til langt ut på 1900-talet? Mange meinte at Noreg framleis kunne gjera krav på dei gamle norske områda vest i havet. Ein privat, norsk okkupasjon av Aust-Grønland i 1931 vart fylgd opp av regjeringa, som heldt området okkupert fram til 1933. Den internasjonale domstolen i Haag dømde til fordel for Danmark i saka, mellom anna med tilvising til Kielfreden.

Hva er en traktat?

I folkeretten er traktat ei nemning på ei avtale mellom to eller fleire statar. Omgrepet vert særleg brukt om avtaler som har mykje å seia for dei partane dei vedkjem. 17. mai-grunnlova frå Eidsvoll gav kongen fullmakt til å slutta traktatar (§ 26), men med plikt til å leggja dei
fram for Stortinget etteråt (§ 75g).

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1