Hopp til hovedinnhold

Eidsvollsbygningen

I 1814 vart Grunnlova skriven og vedteken i hovudbygningen på Eidsvoll jarnverk, og i ettertid er huset kjent som Eidsvollsbygningen. Den gongen var det ein privat heim, og det var Carsten Anker som eigde jarnverket.

  • 1/14
    Foto: Guri Dahl
  • 2/14
    Foto: Guri Dahl
  • 3/14
    Foto: Guri Dahl
  • 4/14
    Foto: Guri Dahl
  • 5/14
    Foto: Guri Dahl
  • 6/14
    Foto: Guri Dahl
  • 7/14
    Foto: Guri Dahl
  • 8/14
    Foto: Guri Dahl
  • 9/14
    Foto: Guri Dahl
  • 10/14
    Foto: Guri Dahl
  • 11/14
    Foto: Guri Dahl
  • 12/14
    Foto: Guri Dahl
  • 13/14
    Foto: Guri Dahl
  • 14/14
    Foto: Guri Dahl

Huset er i lafta tømmer og panel, og då det stod ferdig kring 1770 var det den største trebygningen i landet (fram til Stiftsgarden i Trondheim vart bygd nokre år seinare). Men alt i 1780-åra byrja dåverande jarnverkseigar, Hans Hagerup Gyldenpalm, å modernisere huset. Carsten Anker heldt fram moderniseringa av huset då han kjøpte verket i 1794, men i 1814 var det framleis ein del av andre høgda som ikkje var ferdig. Den store salen som skulle bli festsal med Anker si store samling måleri, vart aldri fullført slik som planlagt. I 1814 vart han nytta til møta i Riksforsamlinga, og vart etter det kalla Rikssalen. 

Eidsvollsbygningen har ei grunnflate på om lag 600 m2, og med kjellar og to høgder vert det eit stort hus med mange rom. Kjellaren inneheldt kjøken og matkjellarar, og alt som elles trongst for å drifta eit herskapshus. I tillegg var det soverom for tenarstaben, og folkestove. Folkestova var matrommet til tenarane. Alle romma i kjellaren vart fjerna då grunnmuren vart skifta i 1887–1890, men kjellaren har blitt rekonstruert og romma vart bygde opp att til grunnlovsjubileet i 2014 og er no ein del av omvisinga i huset.

I fyrste høgda var det finstover og selskapsrom i nordfløya, og daglegrom i sørfløya. Selskapsromma hadde meir påkosta interiør, med kostelege tapet og golvteppe, medan nokre av romma i sørfløya hadde måla panel og golv.

Fru Anker og dottera Annette hadde romma sine i sørfløya, medan Carsten Anker hadde kontor og sengekammer i andre høgda. I andre høgda var òg gjesterom og den store salen.

Staten tok over Eidsvollsbygningen i 1851, og huset vart sett i stand til det første grunnlovsjubileet i 1864. Då forsvann diverre Anker sine opphavlege tapet og fargar. Seinare har Eidsvollsbygningen blitt restaurert til grunnlovsjubilea kvart femtiande år.

Målet med restaureringa til jubileet i 2014 var å attskapa Ankers interiør med rekonstruerte tapet og fargar, tekstilar og inventar.

Solveig Dahl, konservator Eidsvoll 1814

Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1